Slutt E.E.O.

3-4

Lorgen7' (Str.)
1-0
2-0
2-1
2-2
Hagen90'+1
2-3
3-3
3-4
Myrlid115'
1,6k
1,4k

Ble dekket av Asgeir ÅrdalNTB

    120 minutt cupfotball er over, og vi gratulerer Aalesund med avansement til tredje runde. Det var spenning gjennom heile kampen, og gjestene slapp med skrekken her. Førde-spelarane ligg heilt utslitne att på bana, til ståande applaus får dei frammøtte. Takk for følget.
    Kampen er slutt
    121'
    Lang ball opp i AaFK-feltet. Keeper Storås plukkar, og legg seg ned. Gjestene brukar tid.
    121'
    Førde har på ingen måte gitt opp!
    120'
    For ein gedigen sjanse for Førde! Først er det Fløholm som er aleine med keeper, han reddar. Sunde Årdal får kula heilt aleine, men gjestene reddar på strek! Dette var kampens største sjanse!
    119'
    Har Førde noko å komme med på tampen her?
    119'
    Til alle dykk som sender meg melding om at eg nok ein gong tok feil. Eg legg meg flat! Men dette var meget nære for Førde.
    117'
    Vegard Lorgen kåra til dagens Førde-spelar.
    116'
    Aalesund scorer!
    Like før slutt scorar Aalesund igjen! Blir spelt fri, og rundar keeper. Set ballen i det lengste hjørnet.
    115'
    Oj oj! Førde kjem på ei kontring, og Henrik Sunde Sandal får ballen. Han skyt frå kanten av sekstenmeteren, like utanfor!
    115'
    Eg har bomma før i dag, men no tar eg fram spåkula att. Dette går mot straffespark!
    114'
    Under sju minutt att!
    114'
    For ein kamp vi har fått i Førde! 2-0 på ti minutt, så 2-2 på tampen på under tre minutt. Og no har altså Førde utlikna i andre ekstraomgang! Moro.
    111'
    Gult kort til Aalesund
    For seint ute i duell mot Sagevik, som kastar seg opp. Hadde gått over 1.20 i høgde der.
    110'
    Då er vi ti minutt unna straffespark-konkurranse.
    109'
    No vakna tilskodarane til liv igjen!
    109'
    Førde scorer!
    Oj oj oj! Her det kamp igjen! Lorgen slår inn i feltet, og Gjelsvik nikkar ballen i det lengste hjørnet! Feirar med baklengs salto!
    107'
    Hjørnespark til Førde
    Fin sjanse for Førde, men AaFK får ballen unna!
    107'
    Vegard Lorgen får ballen inne i feltet. Dreg seg inn i bana slik som Nusa, og skyt. Keeper reddar!
    107'
    2. ekstraomgang
    106'
    Då er første ekstraomgang over. Aalesund fekk den eine nettkjenninga dei ville ha desse første 15 minuttane.
    Pause
    106'
    Lite som skjer akkurat no. Gjestene vil ikkje bruke meir krefter enn nødvendig. Og fleire av Førde-spelarane slit med krampe. Dei har verkeleg jobba iherdig, heimelaget.
    105'
    Hjørnespark til Aalesund
    Ufarleg.
    102'
    Hjørnespark til Aalesund
    Kort variant, ny corner.
    101'
    Hjørnespark til Førde
    Slit med å avslutte angrepet. AaFK overtek.
    100'
    Halvsjanse til gjestene, men det blir berre med forsøket.
    99'
    Gult kort til Førde
    Ettersleng / stempling høgt oppe i bana.
    94'
    Er det lov å trekke tilbake kommentaren om at Førde går mot avansement til tredje runde?
    95'
    Aalesund scorer!
    Blir spelt gjennom på venstresida, og skrur ballen i ein bue over keeper. 2-3!
    94'
    Bittert for Førde dette, som på stillinga 2-0 også hadde gode sjansar til å auke leiinga. Men så henta altså gjestene fram noko magi på få minutt.
    94'
    120 minutt på ei tung grasmatte er ikkje det Kjetil Rekdal hadde øvst på ønskelista si denne onsdagskvelden, like før lokalderbyet mot Molde komande helg.
    92'
    Då er vi klare for 2 x 15 minutt.
    91'
    1. ekstraomgang
    91'
    Då står det 2-2 etter ordinær tid. Aalesund må ut i 120 minutt mot Førde frå nivå 4. Fleire av spelarane med krampe, så her kan det bli interessant i ekstraomgangane.
    Pause
    90'+6
    Gult kort til Aalesund
    For seint ute i takling på Lorgen.
    90'+5
    Djantou set ballen i tverra frå kort hald! Nære 2-3!
    90'+3
    Aalesund scorer!
    Oj oj! Det måtte vel skje? Aalesund tek ein kort frispark-variant, og Hagen får ballen inne i feltet. Han skyt - via tverrliggjaren og ned! 2-2!
    90'+1
    Frispark til Aalesund i fin posisjon, ute på kanten.
    90'+1
    Det er lagt til fem minutt!
    90'+1
    Aalesund scorer!
    Der sitt den for Aalesund! Får ballen inne i feltet, og set den på direkten i lengste hjørnet.
    89'
    Førde-benken gjer klar mange byter. Fleire som skal få gleda av å spele mot Aalesund her!
    89'
    Hjørnespark til Aalesund
    Tvedt boksar ut.
    88'
    Christensen med frispark frå kanten av sidelinja. Ein frekk variant i det nærmaste hjørnet, men keeper reddar. Corner.
    88'
    Vegard Lorgen tek ned eit langt utspel frå keeper på utsøkt vis, og får applaus frå heimepublikum. Slikt ser vi mest i La Liga, og ikkje på Førde stadion.
    87'
    Gedigen sjanse for AaFK! Kartum får ballen på åtte meter, men smell den over!
    85'
    Krampe-tendensar på Ola Rognebakke. Har det vore lite næring på militærøving den siste veka?
    84'
    Lorginho er nære på bryte på midten. Har verkeleg vist seg fram mot eliteserieklubben her med to mål. Spelar han på dette nivået neste år?
    83'
    872 tilskodarar på stadion.
    81'
    Klokka har passert 80 minutt! Dette går mot avansement til tredje runde for Førde!
    81'
    Gult kort til Førde
    Held i trøya. Grei den.
    79'
    Hjørnespark til Aalesund
    Kaptein Rognebakke avklarar. Får frispark i neste trekk, og Førde kan roe ned.
    77'
    ..det blir Ørsahl. Like utanfor!
    76'
    AaFK får frispark i fin posisjon. Ørsahl og Christensen står klare.
    76'
    Ballinnehav på 80-20 fordel gjestene, men slit med å skape dei heilt store sjansane.
    75'
    Håvard Lorgen spelar gjennom sin bror Vegard. Han dreg med seg ballen inn i feltet, og skyt i steget. Rett i skuldra på keeper!
    75'
    Rekdal har uttalt til lokalavisa at han aldri har vore i Førde før. Vil nok prøve å gløyme denne turen raskast mogleg.
    74'
    Hjørnespark til Aalesund
    Førde får ballen unna.
    71'
    Heimelaget prøver seg med Sunde Årdal, men linjemann er oppe med flagget.
    71'
    Aalesund med ti mann slit med å spele seg fram til dei heilt store sjansane no. Klokka tikkar mot ei cupbombe!
    69'
    Rekdal reiser seg på benken. Jagar laget sitt framover i bana.
    67'
    Førde med altså ni (!) baklengsmål i sist seriekamp. No held dei nullen mot eliteseriemotstand.
    66'
    Gult kort til Førde
    For seint ute på midten.
    65'
    Kjempesjanse for Førde! Håvard Lorgen får ballen på bakre stolpe, men Gudmundsson reddar på strek! Nære 3-0!
    64'
    Spillerbytte - Førde
    Sunde Sandal har lagt ned mange meter, og blir erstatta av Lekva.
    62'
    Hjørnespark til Aalesund
    Kaptein Rognebakke ryddar unna.
    61'
    Kartum skyt frå 20 meter - rett i blokka!
    61'
    Medan Aalesund-spelarane åt kamp-mat på det lokale hotellet i byen, var Førde-spelarane på skule og jobb. Nivå 4 mot nivå 1
    58'
    Hjørnespark til Førde
    Sagevik avsluttar over.
    56'
    Ola Rognebakke har stilt inn siktet under militærøvinga denne veka. Leverer ein crossball på 75 meter, rett på lissa til Årdal. Han treff ikkje heilt på sitt gjennomspel, men får likevel corner.
    56'
    Førde-supportane syng: "Førde skal til Ullevaal"
    55'
    Gult kort til Aalesund
    Skubbar Twum overende. Førde får frispark.
    54'
    Skotheim mykje involvert for AaFK no. Nok ein gong slår han inn i feltet, men Lekva nikkar unna.
    53'
    Snakka med ein Førde-legende i pausen. Han hadde spelt mykje fotball mot far til Kjetil Rekdal.
    52'
    Hjørnespark til Aalesund
    Kort variant. Førde får utspark i neste trekk.
    51'
    Førde blir pressa djupt i bana no.
    50'
    Skotheim slår inn, og Kartum set ballen over frå kort hald! Kjempesjanse for Aalesund der!
    49'
    Hagen Kjelsnes stoppar innbyttar Skotheim. Feirar med eit lite jubelbrøl.
    47'
    Gjestene avslutta den første omgangen med massivt ballinnehav. Dei opnar også den andre omgangen med mest ball.
    47'
    2. omgang
    45'+1
    Først no kjem laga inn på bana. Det er straks klart for avspark att.
    AaFK-trenar Kjetil Rekdal har gjort unna tordentalen i pausen, og kjem først ut på bana av samtlege før andre omgang!
    Førde går til pause på stillinga 2-0 mot eliteserielaget Aalesund! Heilt utruleg. Vegard Lorgen har med sine to nettkjenningar verkeleg satt fyr på heimefansen. Draumen om ny eliteserieskalp for Førde lev vidare, etter at dei slo ut Brann i 2016. Følg med i andre omgang!
    Pause
    45'+5
    Lorgen-brørne kombinerer fint på venstrekanten og viser seg fram framover AaFK-benken.
    45'+5
    Berre AaFK no. Og slik bør det være for eit eliteserielag som ligg under 0-2 - til tross for ti mann på bana.
    45'+4
    Hjørnespark til Aalesund
    Heimelaget får kontroll.
    45'+2
    Hjørnespark til Aalesund
    AaFK er først på kula to gonger inn ei feltet, men Tvedt tek den tredje.
    45'+1
    Sagevik er nære på å bli spelt gjennom, men pasningen er litt for upresis. Keeper Storås får kula, og prøver seg på å drible av Sunde Årdal. Det gikk - akkurat.
    45'
    Spiss Savland måtte ut, og Sagevik kom inn. Spelar ein liknande 5-5-0 formasjon no, Førde.
    44'
    Gjestene får frispark i fin posisjon. Klarar ikkje å utnytte det. Heimelaget får eit pusterom.
    42'
    Vecchia vil ha straffe, men får det ikkje! Hadde det vore VAR her, så hadde nok dette lukta eit straffespark. Årdal er nok på foten hans, og den svenske angriparen går ned i bakken.
    42'
    Sunde Årdal stormar aleine mot mål - men det er frå eigen banehalvdel. Blir takla, og det er reint på ball.
    39'
    Savland får kjenning i strekken på baksida av låret. Må nok byte.
    38'
    Innbytar Christensen skyt frå distanse. Rett på keeper!
    37'
    Ørsahl skyt igjen - nok ein gong reddar Tvedt.
    36'
    AaFK overtek meir og meir. Ligg ei redusering i lufta.
    35'
    Der var hovudtrenar Rekdal ute frå benken for første gong denne kampen. Så langt er det assistenttrenar Aarøy som har vore mest ivrig på benken.
    34'
    Ørsahl er nære frampå, men skotet går utanfor! Nære redusering.
    33'
    Hjørnespark til Aalesund
    Keeper plukkar.
    33'
    Spillerbytte - Aalesund
    Rekdal tek ut kapteinen sin her!
    31'
    Vecchia med dobbel overstegsfinte mot Årdal som blir utspelt. Svensken går for lengste hjørnet - keeper Tvedt reddar!
    31'
    Gjestene gjer seg klart for eit byte her, før halvtimen er spelt! Det fortel vel sitt?
    30'
    Leikanger prøver skotfoten frå distanse, men forsøket blir blokkert av Lorgen.
    29'
    Både sol, gråe skyer og blå himmel i Førde akkurat no. Akkurat no er det opphaldsvær.
    27'
    Førde er framleis fullt på høgde med Aalesund, sjølv om gjestene har sett noko betre ut dei siste minuttane.
    26'
    Hjørnespark til Aalesund
    Årdal avklarar.
    23'
    Hjørnespark til Aalesund
    Myrlid med stor sjanse. Skyt frå kort hald, men keeper Tvedt med refleksredning! Ny corner.
    22'
    Ola Rognebakke er på militærøving denne veka, men har fått fri til denne kampen. Godt å sjå at han ikkje er teken til fange av fi.
    21'
    Hjørnespark til Førde
    Gjestene får frispark.
    19'
    Lorgen-brørne med fint veggspel. Får frispark.
    19'
    AaFK slit med å skape dei heilt store sjansane. Og med ti mann er banespelet i augneblinken heilt jevnt no.
    18'
    Ein gut på tribunen seier til far sin: "Eg tippa 5-0 til Førde". Det skal nok litt til, men heimelaget har verkeleg levert så langt.
    18'
    Heile Aalesund-benken blir sendt i oppvarming etter 15 minutt.
    15'
    Kjempesjanse til Førde! Savland blir spelt gjennom, men set ballen rett på keeper!
    14'
    Vegard Lorgen har i forkant blitt intervjua av lokalavisa Firda. Han er ihuga Aalesund-supportar, men i dag har han verkeleg vist seg fram mot favorittklubben. To mål før ti minutt er spelt er imponerande, av ungguten som av enkelte blir kalla Lorginho.
    14'
    Førde scorer!
    Kva i alle dagar?! Lorgen får ballen sentralt i bana, og tek med seg ballen framover. Han blir aldri pressa, og ladar venstrefoten frå 20 meter. Ballen snik seg inn i hjørnet! 2-0!
    11'
    Savland blir spelt gjennom, men dribleforsøket heldt ikkje samme nivå som motstanden. AaFK overtak.
    10'
    Det tok nokre minutt før straffesparket kunne bli tatt, då keeper Storås måtte få på seg keeperhanskane. I tillegg måtte dommaren diskutere litt med sin assistent, om det raude kortet var rett eller ikkje.
    9'
    Ojoj! Dette var litt ein av marerittstart for gjestene. No må dei altså spele resten av kampen med 10 mann.
    8'
    Førde scorer på straffe!
    Vegard Lorgen set ballen enkelt i mål frå krittmerket! Han sender keeper Storås feil veg, og Førde går opp i 1-0!
    7'
    Spillerbytte - Aalesund
    Andresen blir ofra her, når reservekeeper Storås må inn for å vakte buret.
    5'
    Rødt kort til Aalesund
    Podlech legg Lorgen i bakken som sistemann, og han blir sendt i garderoben før tre minutt er spelt!
    3'
    Straffespark til Førde
    Lorgen blir spelt gjennom, og rundar keeper. Han er klar til å setje ballen i det opne buret, men keeper Podlech tar tak i ankelen hans. Klar straffe!
    3'
    Kjelsnes får frispark på midten. Heimelaget har opna bra første to minuttane.
    3'
    AaFK-trenar Kjetil Rekdal kjem ruslande inn langs bana, og tek seg tid til selfie med to ballhentarar bak målet.
    1'
    Førde tek avspark!
    1'
    Kampen har startet
    1'
    Spelarane på veg ut på bana - til stor applaus frå heimefansen!
    Spelarane har unnagjort si oppvarming, og det nærmar seg avspark. AaFK-trenar Rekdal har framleis ikkje vist seg på Førde stadion, men det er vel slik med dei aller største trenarane. Dei kjem først når alvoret startar.
    Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart i Førde. Følg med!
    Aalesund er nest sist i Eliteserien, og ein cupkamp på ei tung grasmatte i Førde passar såleis ganske dårleg akkurat no. Dei står med 1-3-5 på sine bortekampar i serien, med ein målskilnad på 9-19. Trenar Kjetil Rekdal har antyda at han naturleg nok vil spare spelarar her, men kven og kor mange er framleis uvisst.
    Førde er nummer ni i sin avdeling på nivå fire i norsk fotball. På heimebane står dei med 5-2-2 og 21-10 i målskilnad. I den siste perioden har nokre viktige nøkkelspelarar forsvunne frå klubben, og sist vart det ni baklengs i sekken borte mot Vard Haugesund. Førde må nok reise seg nokre hakk om dei skal klare å tukte gjestene her.
    Hei, og velkommen til cupkamp frå Førde stadion! Førde tek imot eliteserienklubben Aalesund. Sist gong Førde hadde eit lag frå den øvste divisjonen på besøk - sendte dei Brann ut av NM-cupen. Vertene drøymer nok om reprise på opplevinga frå 2016. Den gongen var det nær 3000 på tribunen.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her