0-1
70' (Str.)
0-2
76' (Str.)
0-3
90'+2

Ble dekket av NTBNTB

    Rosenborg vinn fullt fortent 3-0 her på Fosshaugane. Sjølv om Sogndal hadde sine sjansar tidlegare i kampen, er det lite å seie på at alle poenga blir med nordover etter dagens kamp. Dermed tek laget inn tre poeng på Strømsgodset, som gjekk på skrell mot Tromsø.
    Kampen er slutt
    90'+4
    Rosenborg scorer!
    Per Egil Flo gir ballen gratis bort til Chibuike som enkelt set inn kampens tredje mål. Stygg forsvarsmiss!
    90'+2
    Det er lagt til minimum tre minutt.
    90'+1
    Det nærmar seg slutten, og tre poeng til gjestene frå Trondheim.
    87'
    Sogndal ligg under 0-2, men trenar Olsson trekk toppscorar Ulrik Flo ned på midtbana. På topp spelar Dyngeland og brasilianske Santos.
    85'
    Gult kort til Sogndal
    For tøff mot Henriksen.
    82'
    Svein Bakke forlèt stolsetet - som førstmann på Fosshaugane.
    82'
    Hopen skyt - rett på Ørlund!
    81'
    Frispark til Sogndal i fin posisjon for Hopen. Avstand: 30 meter.
    81'
    Badji klinkar til frå 17 meter. Skotet blir blokkert!
    79'
    Gjestene prøver seg nok ein gong, og ballen går inn i feltet. Heimepublikum ropar på straffe til RBK, med klar adresse til dommar Edvardsen.
    78'
    Sogndal hardt straffa, med to straffespark imot på seks minutt!
    77'
    Rosenborg scorer på straffe!
    Dockal er nok ein gong brennsikker frå straffemerket. 0-2!
    76'
    Straffespark til Rosenborg
    Henriksen går ned for telling i duell med Valsvik inne i feltet. Nytt straffespark til Rosenborg!
    75'
    4323 tilskodarar ser kampen.
    73'
    Rosenborg scorer på straffe!
    Dockal set ballen til venstre for keeper Udjus! Fortent 0-1 på Fosshaugane!
    70'
    Gult kort til Sogndal
    Får advarsel etter at han sende Tarik i bakken.
    70'
    Straffespark til Rosenborg
    Tarik blir lagt i bakken av Udjus, og Edvardsen peiker på straffemerket!
    70'
    Ny sjanse for Rosenborg! Denne gongen er det Tarik som avsluttar - like til side for Sogndal-buret. Luktar mål på Fosshaugane no!
    68'
    Gult kort til Sogndal
    For tøff i duell med Høiland, i følgje dommar Edvardsen.
    65'
    Kampens største sjanse Rosenborg! Dockal finn Prica på nydeleg løp inne i feltet, men set ballen to meter til side for målet, åleine med keeper Udjus. Der burde det blitt 0-1!
    64'
    Hjørnespark til Rosenborg
    Sogndal får kontroll.
    59'
    Ny fin sjanse for gjestene! Innlegg frå høgrekanten og Dorsin klinkar til frå 12 meter. Udjus får fingertuppane på ballen!
    58'
    Hjørnespark til Sogndal
    Lang corner. Får innkast på motsett side.
    55'
    Kjempesjanse for Rosenborg! Dockal skyt og ballen fyk i stolpen - og tilbake i ryggen på Udjus som ligg nede. Ballen trillar på streken, men Valsvik får ballen unna! Sogndal-midtstopparen får også frispark i same situasjon.
    53'
    Santos med høgt spark mot Issah. Frispark.
    52'
    Flo i brytekamp med Reginiussen, og RBK-debutant vinn duellen. Ballen går til utspark frå målet til Ørlund.
    49'
    Brochmann nikkar ned til Santos som skyt. Utanfor!
    47'
    Dockal slår inn i feltet, men ballen går over Prica og til utspark frå målet til Udjus.
    46'
    RBK tek avspark i den andre omgangen.
    46'
    2. omgang
    45'
    Publikum applauderer laga av bana etter ein fin første omgang på Fosshaugane. Begge lag har hatt sine sjansar til å score, men det står framleis mållaust. Følg med i andre omgang!
    Pause
    45'+1
    Lang fin ball mot Tarik, men han møter veggen i Badji frå Senegal. Får velfortent applaus for ryddejobben av heimepublikum.
    44'
    Mane slår inn i feltet, rett i klypene på keeper Ørlund.
    41'
    Strandberg er oppe i feltet, og skyt på halv volley. Høgt over!
    40'
    Hjørnespark til Rosenborg
    Sogndal får kontroll.
    40'
    Tarik viser seg fram for gjestene! Vippar ballen over Sogndal-forsvaret, men Prica får ikkje avslutta.
    40'
    Det har vore ein jamn første omgang på Fosshaugane til no.
    39'
    Mane slår eit frispark inn i feltet, men gjestene får ballen unna.
    38'
    Badji vinn alt av duellar på midten for Sogndal. Denne gongen er det mot Henriksen, og heimelaget får også frispark.
    36'
    Fin sjanse for Rosenborg! Prica klinkar til frå 16 meter - rett i nettveggen!
    34'
    Brochmann leiker seg på venstrekanten, men det er berre Santos som er på plass inne i boksen. Innlegget går over alle i feltet, og RBK kan overta.
    32'
    Furebotn til Badji som klinkar til frå 20 meter. Utanfor!
    28'
    Patronen går hardt i ryggen på Prica, noko som ikkje dommar Edvardsen likar. Frispark.
    27'
    Santos skyt frå 16 meter. Høgt over!
    25'
    Patronen er tilbake på bana.
    23'
    Sogndal spelar no med ti mann, medan den finske midtstopparen får hjelp på sidelinja.
    22'
    Gult kort til Rosenborg
    Høgt spark på Patronen, som må ut av bana med naseblod.
    20'
    Hjørnespark til Rosenborg
    Furebotn får ballen unna.
    20'
    Furebotn med dribleserie i forsvaret, og Henriksen snappar ballen opp. Han finn Prica, men måltjuven får ikkje avslutta skikkeleg.
    19'
    Hjørnespark til Sogndal
    Utspark frå Ørlund.
    17'
    Teniste med nytt langt innkast, og Valsvik er høgst i feltet. Ørlund må gi til corner.
    17'
    Hjørnespark til Rosenborg
    Prica leverer til Høiland som avsluttar med hovudet. Rett på Udjus.
    14'
    Hjørnespark til Rosenborg
    Sogndal får avklart.
    12'
    Fint RBK-angrep. Henriksen set fart framover, og får ballen igjen på 16 meter. Han skyt - og får corner!
    12'
    Tarik har vore anonym på RBK sin venstrekant til no i kampen.
    11'
    Langt oppspel mot Henriksen, som Valsvik nikkar unna.
    10'
    Stor sjanse for gjestene! Patronen med tilbakespel mot eigen keeper, som Prica les godt. Han får tåa først på ballen, men Udjus kjem ut og får avklart!
    7'
    Teniste med eit nytt innkast - heilt inn til Ørlund igjen.
    7'
    Frisk opning på kampen dei første minutta.
    5'
    Ny sjanse til heimelaget! Issah rotar det til i eige forsvar, og Furebotn kan storme mot mål. Han blir takla i det han skal skyte, men ballen går ut til Flo som igjen avsluttar. Gjestene får kontroll!
    4'
    Teniste med saltoinnkast, heilt inn til keeper Ørlund.
    3'
    Flo får innkast, og Teniste skal kaste langt.
    3'
    Fin Sogndal-sjanse! Mane slår eit frispark inn i feltet. Der er Santos først på ballen, men avslutninga går like over!
    1'
    Sogndal tek avspark.
    1'
    Kampen har startet
    Publikum reiser seg, og spelarane kjem inn på bana!
    Flomlyset og sola skin på Fosshaugane. Laga er i full gang med oppvarming, og publikum strøymer til stadion.
    Førre gong laga møttest enda oppgjeret 0-0 på Lerkendal, medan fjorårets kamp på Fosshaugane Campus enda 1-1.
    - Sogndal er et bra hjemmelag, seier Trond Henriksen til Rosenborg si heimeside før kampstart. Det er det nok ikkje alle som er like einige i. Laget har berre vunne to kampar heime på Fosshaugane denne sesongen, og laget har tatt fleire poeng på bortebane til no dei år. Rosenborg er dessutan det einaste laget i Tippeligaen som ikkje har tapt på bortebane så langt. Gjestene står med 3-5-0 på sin bortestatistikk.
    Det er venta over 5000 tilskodarar til kveldens kamp. Rosenborg kjem til saftbygda med sitt stjernegalleri, der dei tre nysigneringane Reginiussen, Elyounoussi og Mix Diskerud alle er med i troppen.
    Hei, og velkommen til Sogndal - Rosenborg frå Fosshaugane Campus!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her