4,2k
4,7k
0Ditt Profeten-tips
? - ?
Author avatar

Ble dekket av Einar Orten Trovåg

    Det endar 0-0. For ein sensasjon! Spania skapte mest, utan å kome opp på sitt vanlege nivå - men Vozinha og Co. stod imot. Følg med på vg.no utover kvelden for reaksjonar frå kampen. Takk for følget enn så lenge!

    Kampen er slutt

    Oyarazabal får hovudet på den. Men går til side for mål.

    90'+5
    Hjørnespark

    Corner til Spania.

    90'+5

    Trillar ball utanfor Kapp Verde sin 16-meter.

    90'+5

    Og så kjem Spania. Kanskje det siste som skjer her i dag.

    90'+4

    Kapp Verde kjem på ein ny overgang. Svak avslutning til side for mål.

    90'+4
    Gult kort til Spania

    Kapp Verde kan få ein kontringssjanse. Pedri må ta eit gult kort for å hindre det.

    90'+3
    Tommy
    Spania bør skamme seg, pinlig! Aldri om de vinner årets VM!
    Niklas
    Kapp Verde gir meg litt Costa Rica 2014 vibes

    Yamal avsluttar. Går i eigen medspelar.

    90'+2

    Borges blokkerer brukbar Spania-sjanse. Ny corner.

    90'+1

    For ein kamp vi har her no. Men kvar skal dette ende? Det er lagt til fem minutt.

    90'+1

    Borges headar! Rett på Simon!

    90'+1

    Endar i ei avslutning frå Pina. Via Olmo og til corner.

    90'

    Og så kjem Kapp Verde på kontraen her...

    90'

    Avslutning frå Oyarazabal frå kort hald etter fint forarbeid av Olmo. Blir blokkert av Lopes. Stor sjanse!

    88'

    I likheit med Yamal har Williams vore skadeplaga den siste tida. Men kan han få til noko på tampen her?

    88'

    Det har han kanskje. For no kjem eit nytt interessant byte.

    87'

    Har De la Fuente fleire ess i ermet på tampen er no?

    87'
    RONALD WITTEK / EPA / NTB

    Vi minner om at Spania tapte opningskampen mot Sveits i 2010, men likevel vann heile VM. Likevel skal Kapp Verde 2026 vere svakare enn Sveits 2010. Eller?

    85'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Hassan
    Hei Einar..hvilke klubb spiller keeper for Kapp Verde for?
    Chaves på nivå 2 i Portugal. Men kontrakten hans går ut om to veker. Vil tippe han klarer å finne seg ny klubb etter denne kampen...
    Johnny
    For en innsats av Kapp Verde!

    Cucurella får til ei heading frå kort hald, men får ikkje nok kraft bak pannebrasken. Enkelt for Vozinha.

    82'

    Spania trudde dei hadde sikra seg ein corner, men VAR omgjorde den til utspel.

    81'

    Spania pressar og pressar. Men dei har ikkje klart å skape dei heilt store sjansane, slik dei gjorde i slutten av 1. omgang.

    80'
    Ivrig
    Et lignende kamp bildet er akkurat hva Irak håpet på mot Norge. Holde smultring lengst mulig kan gi panikk
    Hjørnespark

    Yamal med nokre fine finter ute på høgresida. Endar med hjørnespark.

    79'

    No står Spania-spelarane i kø for å avslutte. Pedri tek sjansen, men forsøket blir blokkert.

    78'

    Bytet som mange venta på.

    76'
    ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTB
    VG Live-bruker
    En 40 år gammel keeper uten kontrakt holder laget inne. Jøsses meg

    Torres med avslutning frå 16 meter. Blir blokkert.

    75'

    Stort Spania-press no. Men tida jobbar for Kapp Verde.

    74'

    Yamal på farta ute på høgresida. Endar i ei avslutning frå Llorente som Vozinha tek enkelt.

    73'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Hans
    Godt gjetta med at yamal kom inn på 70ende min
    Synske evner?

    Yamal inn på bana til høg applaus. Kan han hindre at Spania går på ei skikkeleg blemme her?

    71'
    Spillerbytte - Spania
    71'
    Kan Kapp Verde stå for tidenes VM-sensasjon?
    Nei, Spania tek dette til slutt.
    49%
    Ja.
    40%
    Kapp Verde kan vinne, men tidenes VM-sensasjon er då USA slo England i 1950.
    11%
    1646 stemmer

    Vozinha får etter litt om og men hendene på den. Og så går vi til drikkepause igjen.

    68'
    Hjørnespark

    Corner til Spania.

    68'

    Spania slit med presisjonen. No er det neppe lenge til det kjem nokre byte frå De la Fuente?

    65'
    Ole
    Hadde vært scener om Kapp Verde skåret nå

    Trippelbytte på Kapp Verde, altså. Og Yamal er i oppvarming for Spania.

    63'

    De Graza prøver seg med eit raid på høgresida, men går seg fast. Kapp Verde sin sjølvtillit ser ut til å stige.

    60'

    Corneren blir tatt kjapt og fører ikkje til noko i første omgang.

    59'

    Bølga går i Atlanta. Ikkje nødvendigvis eit bra teikn.

    59'
    Hjørnespark

    Corner til Spania.

    59'

    Laporte prøver seg på eit langskot frå 30 meter. Går ein meter over krysset.

    58'

    Fabian Ruiz får bakhovudet på eit fint innlegg, men ikkje nok kraft i til å true Vozinha.

    57'
    K2
    Spanske aviser i -82 brukte fornærmelsen impotent om Spanias innsats og angrepsspill da. Det kan de godt bruke om dagens lag og.

    Ferran Torres med eit halvskummelt innlegg frå høgre, men Vozinha plukkar den fint.

    55'
    VG Live-bruker
    VM-Profeten ryker jo på slike matcher som dette 😄😄

    Kva skjedde der då? Plutseleg får Oyarzabal ballen på kanten av 16-meteren. Målet er ope, men forsøket frå Spania-spissen går utanfor. Vanskeleg å sjå om han prøvde på eit skot eller innlegg. Men det kunne blitt farleg med betre presisjon der.

    53'

    Får vi snart sjå denne mannen på bana?

    53'
    Siphiwe Sibeko / Reuters / NTB

    Spania prøver seg på høgresida, men Vozinha plukkar ballen enkelt ned.

    52'
    Colin
    Sykt at Spania ikke har satt ett mål ennå

    Fabian Ruiz med svak avslutning høgt over mål.

    51'

    Kapp Verde med eit sjeldant angrep, men igjen blir dei vinka av for offside.

    50'
    Hadde du høyrt om Kapp Verde-keeper Vozinha før VM?
    Ja
    10%
    Nei
    88%
    Usikker
    2%
    1356 stemmer

    Oyarzarabal med ny svak heading utanfor mål. Har ikkje hatt dagen i dag til no, Spania-spissen.

    48'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Omar
    Når tror du lamine jamal kommer inn?
    Om det framleis sår 0-0. Kanskje etter 70 minutt?

    2. omgang startar som den første. Spania har ballen i laget mot eit lågtliggande Kapp Verde.

    46'
    2. omgang

    Så er vi straks i gang igjen. Kapp Verde har ein XG (forventa mål) på 0,04. Men kan dei likevel få til noko i 2. omgang?

    Rasmus Monte
    Eg er sikkert i mindretal, men for meg sluttar VM når lag som Cabo Verde og Curacao ryk ut. Det er hos slike lag magien til VM ligg.

    Denne mannen hadde ein strålande 1. omgang. 40 år gamle Vozinha har halde Kapp Verde inne i kampen.

    JUSTIN SETTERFIELD / AFP / NTB

    Ifølge OptaJoe er Spanias Mikel Oyarzabal den første spilleren siden 1966 som har spilt de første 30 minuttene av en VM-kamp uten å være borti ballen.

    Kan Kapp Verde stå imot heile kampen?
    Ja, dette blir 0-0.
    17%
    Nei, Spania vinn komfortabelt til slutt.
    51%
    Spania vinn knepent.
    21%
    Kapp Verde sjokkerer og vinn 1-0.
    11%
    2333 stemmer

    Pause i Atlanta. Ganske overraskande står det 0-0. Lenge var dette ein kjedeleg kamp der Spania hadde ballen, utan å skape noko. Men inn mot pause kunne og burde Spania ha tatt leiinga. Vi noterte tre gode sjansar, inkludert ein dobbeltsjanse frå det 40. minutt og inn. Vi ser fram til ein spennande 2. omgang.

    Pause

    Redninga til Vozinha etter 40 minutt.

    45'+5
    RONALD WITTEK / EPA / NTB

    Llorente med innlegg frå høgre. Oyarzabal får hovudet på den, men går ufarleg til side for mål.

    45'+4
    Lisbeth
    Keeper holder Kapp V med i kampen. Bra kamp så langt!

    Den fører ikkje til noko som helst.

    45'+3

    Laporte headar den mot mål. Vozinha får ei hand på den. Ny corner.

    45'+3
    Hjørnespark

    Corner til Spania.

    45'+2

    Og der kunne du ha scora igjen, Ferran Torres! Får venstrefoten på eit innlegg frå venstre, men avslutninga blir ikkje hard nok. Vozinha held den i fast grep.

    45'

    Sidney Cabral igjen på farten ute på venstresida. Men endar i eit innlegg utanfor mål.

    45'

    Og så får Kapp Verde ein kontringssjanse. Spania vinn derimot tilbake ballen ganske kjapt.

    42'
    Tony Twostones
    Den der skal vel sitje, unge Ferran

    Dobbeltsjanse til Spania! Ferran Torres avsluttar først i tverrleggjaren på omtrent ope mål, så blir neste avslutning frå Oyarzabal fista over mål. Endeleg skjer det litt her. Der burde det stått 1-0.

    40'
    VG Live-bruker
    Veit ikkje om Kapp Verde er bedre enn forventa, men Spania er iallfall dårlegare enn forventa.

    Jovane Cabral testar skotfoten frå skrått venstre. Går to meter over målet til Simon.

    38'

    Kjempesjanse til Spania! Endar med ei Pedri-avslutning som Vozinha reddar fint. Men det viser seg at Cucurella var i offside tidlegare i situasjonen. Så ingen corner der.

    37'

    Rodri med eit slapt touch og mistar ballen til Kapp Verde, som ikkje klarer å utnytten missen. Det oppsummerer vel kampen til no greitt.

    36'
    VG Live-bruker
    Dette var kjedelig kamp. Maks 2 mål

    Ferran Torres med ei røff takling på Sidney Cabral, men får ikkje gult kort.

    35'
    Kapp Verde i offside

    Ryan Mendes får ballen i fin posisjon ute på høgresida, og tek ned ballen med eit lekkert touch. Dessverre for Kapp Verde er Mendes i offiside.

    34'

    Ferran Torres finn Oyarzabal i god posisjon, men klarer ikkje å stokke føtene i rett rekkefølge og får dermed aldri avslutta.

    31'

    Og så fyrer Cucurella av med høgreslegga. Ein sjanse er det kanskje ikkje, men endeleg eit forsøk med litt kraft i. Ballen går ein liten meter over mål.

    29'

    Cucurella finn Gavi i god posisjon, men avslutninga blir blokkert.

    29'
    vamooos
    Spania tar alltid tid før de kommer godt inn i en kamp. De er som Barca, derfor tror jeg at Kapp Verde scorer. Spania kan lett få baklengs mål, men de scorer alltid fler enn motstanderen. Andre omgang skal bli bra

    Mendes og Moreira med nokre frekke trekk ute på Kapp Verde si høgreside. Endar til slutt med eit innlegg, som Spania enkelt ryddar unna.

    27'

    Drikkepausa er over og vi er i gang igjen.

    26'
    Tyggis
    Spania spiller som om de knapt har våknet. Undervurdering?
    Einar Orten Trovåg svarer
    Ludvik Eduardo Fugelsnes
    Hvordan bruker lagene disse «cooling breaksa» til taktiske vurderinger? Syns det tar ned tempoet i kampen veldig
    Då er du og Van Dijk einige: https://www.vg.no/spesial/2026/fotball-vm/
    Einar Orten Trovåg svarer
    Adrian
    Lukter ikke akkurat full blink på VM-profeten i denne kampen🥴
    Du er nok ikkje åleine om å ha tippa storsiger til Spania, nei. Det gjeld underteikna også.

    Då er det drikkepause (sjølv om det er beskjedne 22 gradar i Atlanta). Veldig lite å melde frå dei første 22 minutta. Spania har hatt ballen stort sett heile vegen, utan at dei har klart å skape ein einaste kvalifisert målsjanse.

    23'

    Så klarer Kapp Verde endeleg å bygge opp eit angrep på Kapp Verdes halvdel. Men endar med at det blir vinka for offiside.

    22'

    Spania har ikkje vist VM-gull-takter til no. Men så er vi berre 22 minutt ut i turneringa for deira del.

    22'
    BRETT DAVIS / Reuters / NTB
    Einar Orten Trovåg svarer
    Liam
    Hvorfor starter ikke Yamal eller Nico Williams
    Begge har vore skadeplaga siste tida.

    Cubarsi testar skotfoten frå distanse. Går via medspelar Fabian Ruiz og ut. Svakt forsøk.

    20'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Elby
    Ganske modige hittil Kapp-Verde. Tror vi fort kan få en skrell i dag. Hva tenker du?
    Trur fortsatt Spania tek dette greitt. Men kanskje det ikkje blir fem-seks mål?
    Gult kort til Kapp Verde

    Stoppar Llorente med begge hendene.

    17'

    Pedri med laus avslutning midt på mål.

    16'
    Er Kapp Verde betre enn forventa?
    Nei, Spania skrur snart opp og køyrer over dei.
    40%
    Ja, dei kan klare eit poeng her.
    24%
    Litt. Men Spania kjem fortsatt til å vinne greitt.
    36%
    671 stemmer

    Og så får Simon kjenne på ballen for første gong i dag. Plukkar eit altfor langt Kapp Verde-innlegg.

    13'

    Så får Kapp Verde endeleg kvile litt med ballen i føtene. Men dei slit framleis med å spele seg over midtstreken.

    13'

    Farleg innlegg frå Pedri. Oyarzabal får nesten hovudet på den. Kunne blitt farleg.

    12'

    Endar med at Kapp Verde får ein kontringssjanse, som dei rotar vekk ganske fort.

    11'
    Hjørnespark

    Spania får kampens første hjørnespark.

    11'

    Og så slår Cabral ein frekk tunnel på Pedri, men får ikkje frispark i neste situasjon.

    10'
    Kjell
    Sjarmerende med lag som KV.....men er vel ikke rett vei å gå å hele tiden øke antall lag i VM.... Det blir nok stygge sifre i dag og
    Einar Orten Trovåg svarer
    Elby
    Kan Kapp-Verde sjokkere verdensmesterene?
    Tja. Litt for tidleg å seie det?

    Spelet føregår framleis på Kapp Verde sin halvdel, utan at Spania har klart å skape noko til no.

    8'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Alexander
    Hva tenker du om Simon i mål? Var sikker på Raya skulle starte.
    Simon har hatt full tillit hos De la Fuente heile vegen, så ikkje overraskande at han framleis har tillit.
    Einar Orten Trovåg svarer
    Henning
    Har Simon klippekort på keeperplassen til Spania?
    Det har han vel, fortent eller ei.

    Pedri vinn ballen nesten nede ved dødlinja, men det endar i eit slags innlegg som Vozinha plukkar enkelt.

    7'

    Kapp Verde klarer eit par trekk i laget her og der, men har ikkje makta å spele seg over midtstreken.

    6'

    Ferran Torres på farta på høgrekanten, men endar med utspel til Kapp Verde (etter at dommaren først dømte corner, men VAR omgjorde avgjerda).

    3'

    Som forventa har Spania ballen og trillar den mellom seg mot eit lågtliggande Kapp Verde-lag. Slikt får vi nok sjå mykje av i dag.

    2'

    Då er vi i gang. Kapp Verde i kvitt tek avspark i VM-debuten.

    1'
    Kampen har startet
    Einar Orten Trovåg svarer
    Veslemøy
    Kva for kanal viser kampen
    TV 2.

    Fansen er klare og spelarane er klare. Då er det klart for nasjonalsongane.

    RONALD WITTEK / EPA / NTB

    Vi gjer oss klare til kampstart. Ifølgje TV 2 er det 22 gradar på stadion i Atlanta.

    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Hvem er Kapp Verdes store stjerne her Einar?
    Ryan Mendes på høgrekanten er rekna for å vere den største profilen.
    Rita
    Å få et tidlig mål til Kapp Verde vill glede meg stort bare fordi de er underdog. Men har tippa 5-0 til Spania her.

    Neco Williams er også ein skadeplaga mann som kanskje eller kanskje ikkje får eit innhopp i dag.

    BRETT DAVIS / Reuters / NTB
    Arnevik
    Tror alle på en storseier her? Forsvarsevnen til Kapp Verde bør ikke undervurderes:) jeg justerte nettopp ned min overkjørende 6-0 seier til 2-0. Siden Spania ikke er de som oftest knuser motstandere. Tror 3-0
    Einar Orten Trovåg svarer
    Nysgjerrig
    Bli bortelaget historisk om de scorer mål idag?
    No er vel strengt tatt begge laga bortelag. Men sidan Kapp Verde er VM-debutantar, blir alt frå første spark på ballen, første innkast, eventuelt første mål og så vidare historisk ja.
    Rune
    Satser på mål til Kapp Verde jeg, siden jeg har 5-1 i profeten
    Einar Orten Trovåg svarer
    RR
    Meget lurt valg av Spania å hvile Yamal. Han har nylig kommet tilbake fra skade. Dette er en kamp Spania skal vinne selv med andre og tredjevalg. Samtidig får jo de andre også vise seg frem. Vinn vinn eller hva Einar?
    Tenkte det same sjølv.
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Hvor spilles kampen?
    Atlanta.
    Einar Orten Trovåg svarer
    Aksel
    Kan Yamal bli byttet på?
    I teorien kan han det. Men om Spania leiar med for eksempel med fire mål etter 70 minutt, så er kanskje ikkje poenget det heilt store?
    Einar Orten Trovåg svarer
    Nysgjerrig
    Hei Einar...Men Spanias nest beste?hvem Spanias beste da?eks United?
    De La Fuente meiner tydelegvis at Simon er best.

    Denne VM-pokalen er neppe ekte. Uansett er det kanskje ein siger i seg sjølv for Kapp Verde å kome til VM.

    ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTB
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Tips om målscorer for Spania?
    Trur alle med unntak av Simon er potensielle målscorarar for Spania i kveld. Ser ikkje vekk frå at Spania vinn med fem og har fem forskjellige målscorarar.
    Kristian Pingla Slotsvik
    Har både mor og far fra Kapp Verde, så her flagger vi med mørkeblått og håper på en skikkelig VM-bombe!💣
    Kan Yamal blir VMs store spelar?
    Nei, skadetrøbbel før VM har øydelagt forma hans.
    35%
    Ja, skadetrøbbel gjer at han er utkvilt til dei viktige kampane.
    38%
    Nei, det finst uansett spelarar som er betre.
    27%
    297 stemmer

    Yamal i oppvarming. Skal han få eit innhopp i dag? Eller blir han spart til tøffare kampar?

    Claudia Greco / Reuters / NTB
    Vamooos
    Unai Simon starte over premier league vinner Raya og Laliga vinner Garcia er helt på trynet. Tror Kapp Verde klarer å putte inn ett mål ihvertfall

    Mykje snakk om Raya. Kan han vere VMs beste reservekeeper?

    BUDA MENDES / AFP / NTB

    - Eg trur Kapp Verde er ein sterkare nasjon enn Curaçao. Kapp Verde tok seg til VM på beskostning av Kamerun, seier Joacim Jonsson. Han forventar likevel at Spania vinn med store siffer.

    - Spania har det beste laget og den beste troppen i VM. I dag er det berre ein storsiger som er godkjent, seier Petter Veland i VG si før kampen-sending: https://www.vg.no/spesial/2026/fotball-vm/?pinnedEntry=79027&pinnedEntry=79027

    Det har vore mykje snakk om gamle spelarar i årets VM. Då vi også ta med at Kapp Verde-keeper Vozinha fylte 40 år 3. juni. Han blir mildt sagt viktig for øynasjonen i dag.

    Siphiwe Sibeko / Reuters / NTB
    Hans
    Raya er da den beste keeperen. Han burde få spilletid før de harde kampene.

    Også Real Madrid-klare Cucurella og Spania begynner å nærme seg klare.

    Bernadett Szabo / Reuters / NTB

    Det nærmar seg kampstart og Kapp Verde-fansen er klare til lagets VM-debut.

    Claudia Greco / Reuters / NTB
    Einar Orten Trovåg svarer
    Tapas Jon
    Raya er jo per dags dato verdens beste keeper?
    Men Spanias nest beste?
    Einar Orten Trovåg svarer
    Mats
    Hva tippa du på stillinga
    Har 6-0 på Profeten. Men lurer på å justere ned til 4-0. Trur Kapp Verde er eit par knepp betre enn Curaçao.
    Klarer Kapp Verde å score mot Spania i dag?
    Ja
    30%
    Nei
    67%
    Ja, men på straffe.
    4%
    1646 stemmer
    Einar Orten Trovåg svarer
    Hans
    Hva mener du om at Raya ikke starter? Er det et dårlig valg?
    Burde ikkje Spania vinne same kven som står i mål i dag?

    Då Spania tok sin einaste VM-tittel i 2010 vart det 1-0-tap mot Sveits i første kamp. Men noko liknande skjer vel ikkje i dag?

    Einar Orten Trovåg svarer
    Eirik
    Hvorfor starter Unai Simon foran Raya? Er han regnet som en bedre keeper eller skyldes det spillestil?
    Har ikkje fasiten, men Simon har vel hatt full tillit frå Luis de la Fuente heilt sidan han tok over. Så det hadde vel vore overraskande med ei endring no, sjølv om Raya hadde ein bra sesong?
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Er det ikke et veldig defensivt Spania mot en så svak motstander?
    Tja. Vann ikkje Spania EM i 2012 utan spiss?

    Både Yamal og Williams er oppført på Spania sin fryktinngytande benk, men det betyr ikkje det same som at dei er klare for å spele. Men det er nok av gull på Spania-benken. Olmo, Merino, Zubimendi, Eric Garcia og mange fleire som er langt meir kjende enn alle på Kapp Verde.

    Kapp Verde stiller slik: Vozinha - Diney Borges, Pico Lopes, Sidny Lopes Cabral, Steven Moreira - Kevin Pina, Jovane Cabral, Jamiro Monteiro, Laros Duarte - Dailon Livramento, Ryan Mendes.

    Då er lagoppstillingane offentlege. Spania stiller som forventa slik: Unai Simón, Marcos Llorente, Cubarsí, Laporte, Cucurella, Rodri, Pedri, Fabián, Gavi, Oyarzabal og Ferran.

    Dette er dei mestscorande spelarane til Spania i VM-historia. Om det blir målkalas i kveld blir det kanskje forandringar på den lista?

    David Villa – 9

    Fernando Morientes – 5

    Emilio Butragueno – 5

    Raul – 5

    Fernando Hierro – 5

    Einar Orten Trovåg svarer
    Morten
    Er Yamal med i troppen?
    Han er i troppen, men det er ikkje forventa at han spelar i kveld. Og han trengst vel kanskje heller ikkje?

    Ifølgje spanske Marca startar Spania slik: Unai Simón, Marcos Llorente, Cubarsí, Laporte, Cucurella, Rodri, Pedri, Fabián, Gavi, Oyarzabal og Ferran. Vi reknar med lagoppstillinga blir offisiell om kort tid.

    Kva treng vi elles å vite om Kapp Verde? Dei er den neste minste nasjonen i VM med litt over 500.000 innbyggarar, og dei var ein portugisisk koloni fram til 1975. Kapp Verde har faktisk brukt Linkedin til å rekruttere spelarar. Det kan du høyre meir om i Fotballpodden: https://podcasts.apple.com/no/podcast/48-lag-i-vm-hva-har-du-p%C3%A5-kapp-verde/id1764909740?i=1000764005122&l=nb

    Dette er Kapp Verde sin største profil. Ryan Mendes står med 98 kampar for Kapp Verde. Den 36 år gamle vingen spelar for Iğdır F.K i tyrkisk fotball.

    FLORENCIA TAN JUN / AFP / NTB

    Spania har sjølvsagt verdsstjerner over heile linja. Kapp Verde er ikkje like kjendistungt. Logan Costa spelar for Villareal, men fekk berre to kampar sesongar som var. Sidny Lopes Cabral er ein av sju Kapp Verde-spelarar som spelar i portugisisk fotball, men fekk berre sju seriekampar for Benfica. Tre av dei sju i portugisisk fotball held rett nok til på nivå to.

    Spania ligg på andreplass på Fifa-rankinga. VM-debuten Kapp Verde, som faktisk ikkje klarte å kvalifisere seg for vinterens Afrikameisterskap, ligg på 67. plass. I VM-kvaliken hadde Kapp Verde det eldste laget av alle, med eit snittalder på nesten 31 år.

    Kampen blir spelt på Atalanta Stadium og blir dømt av Adham Makhadmeh frå Jordan.

    Vinn Spania like lett i dag som Tyskland gjorde mot Curaçao?
    Ja, det blir utklassing.
    70%
    Tja. Spania vinn, men ikkje med mange mål.
    23%
    Kapp Verde sjokkerer og tek poeng.
    7%
    794 stemmer

    Det er ikkje venta at Lamine Yamal og Nico Williams startar for Spania i dag. Yamal har ikkje vore på bana sidan 22. april, då han scora i La Liga-oppgjeret mot Celta Vigo. Neco Williams spelte sist mot Valencia 10. mai.

    Hei. Og velkomen til vår dekning av Spania - Kapp Verde. Dette er den første kampen i gruppe H i VM. Uruguay og Saudi-Arabia møtest i natt.

VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her